Jon Fosse-tunet
SKAL BYGGJAST I STRANDEBARM
«
«KLANGEN AV STRANDEBARM LIGG I BOTNEN AV ALT EG SKRIV».
(JON FOSSE)
Bakgrunnen
Vedtak Kvam heradstyre
01.02.2024 Kvam heradsstyre
Framlegg frå ordførar Torgeir Næss: Kvam heradsstyre vedtar følgjande: HST
-
015/24
Vedtak: Kvam heradsstyre vedtar følgjande:
Kvam herad støttar Fosse-stiftinga i det vidare arbeidet med å utvikla eit Fosse-senter, «Jon Fosse-tunet».
Dette skal liggja i Strandebarm. Området på Tangerås der gamle ungdoms-og barneskulen ligg er peika ut av Fosse-stiftinga som det mest eigna.
Kvam herad ser positivt på denne plasseringa.
«Jon Fosse-tunet» vil bety mykje for Strandebarm, Kvam, Vestland og Noreg m. o. t. framvisning av forfattarskapen til Jon Fosse både nasjonalt og internasjonalt, og kan få mange positive ringverknader.
Saka vart teken direkte opp i møtet.
Vedtak Vestland fylkeskommune
Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 04.04.2024
Avrøysting
Innstillinga vart samrøystes vedteken.
Vedtak
1. Vestland fylkeskommune støttar det einstemmige vedtaket i Kvam Herad datert 02.01.2024 om å byggja Jon Fosse-tunet i Strandebarm.
2.Vestland fylkeskommune meiner at det er naudsynt med eit forprosjekt for å sikre arbeidet og utviklinga vidare.
3.Vestland fylkeskommune er villige til å vere prosjekteigar i eit forprosjekt saman med Kvam herad og Fosse-stiftinga.
BARNESKULEN I STRANDEBARM.
OPNA I 1980. LAGD NED I 2009
INNHALD I TUNET - BARNESKULEN
RESEPSJON MED VISNINGSROM FOR SPONSORAR
KAFE
TEATERSAL MED GARDEROBAR
STILLE ROM TIL REFLEKSJON OG ETTERTANKE
VISNINGSROM DER PUBLIKUM I FRED OG RO KAN SJÅ PÅ TEATERSTYKKE AV JON FOSSE PÅ ULIKE SPRÅK
HAR TILFLUKTSROM
DEN GAMLE UNGDOMSSKULEN
INNHALD I TUNET - UNGDOMSSKULEN
VISNINGSROM DER PUBLIKUM I FRED OG RO KAN SJÅ PÅ TEATERSTYKKE AV JON FOSSE PÅ ULIKE SPRÅK
NAUST MED INNHALD FRÅ DEN TIDA JON FOSSE VAKS OPP
KONTORLANDSKAP FOR DEI SOM SKAL DRIFTA TUNET
AUDITORIUM
BIBLIOTEK
ROM TIL STRANDEBARMAREN (Sløydsalen)
LEILEGHEITER TIL OVERNATTING FOR DEI SOM VIL BRUKA TID PÅ JON FOSSE I STRANDEBARM
VAKTMEISTERBUSTAD
INNHALD I TUNET - UTANDØRS
AMFI FOR UTANDØRS PROGRAM.
PLASS TIL AKTIVITETSPARK TIL BORNA NÅR FORELDRA FORDJUPAR SEG I JON FOSSE SITT FORFATTARSKAP
TURSTIAR FOR SAUENE TIL JON FOSSE GRUPPA
GODE PARKERINGSTILHØVE
Det lyser kring fjorden ei fager strand - i solgull ho kviler varm
Og heimane ligg som ei perlerad,- å sjå det er Strandebarm
Ja heimane ligg under vern av fjell - i omen av fosselarm
Og hagane lavar av blomevell,- so fagert i Strandebarm
Frå grønkledde nuten eg ser mot fjord - det gjer meg i hjarta varm.
Eg spør kje kvar venast det er på jord,- eg veit det er Strandebarm
Adresser
Sentrale personar
Fotoet er henta frå Hordaland Folkeblad